4 <3

valdres september
fire år med deg. tenk på det! fire år med latterkramper, kyllinggryte, valdres, sørlandet, oslo, tømte tekanner, tullestemmer, støtte, ferskt brød fleire gonger i veka, musikk i stova, kjærleik. takk for at du ikkje gjekk frå mi side då det var tyngst. takk for at du gir dagane mine innhold og glede og meining og moro. eg elskar deg. 

Advertisements

tjuesju!

sofa
eg skreiv eigentleg dette innlegget slik at eg kunne legge det ut på bloggen 20. oktober (bursdagen min), men så gløymde eg det litt! så eg tenkte eg skulle laga til ei lita liste med ting som de kanskje ikkje veit om meg. me køyrer på!

ting eg elskar
folk som smiler til deg på gata
når haustfargane kjem
den lille svarte jern-tekanna mi
ei støvsugd leilegheit
å vakne før sambuaren for å drikke te i stillheit i stova
å ta eit fint bilete
britisk humor
lukta av rein, ubehandla ull
islandsk ❤
mosegrønt og petroleumsfargar
reint, minimalistisk design
unger som ler hjarteleg av noko enkelt

ting eg er (litt) redd for
å ikkje vera bra nok
sinte hunder
folkemengder
menneske som dømer fort
å bli sjuk på reise
tanken på kva eg skal bli når eg blir stor
all plasten i havet
folk som pratar høgt og ikkje lytter

ting eg ofte gjer
gløymer teen min og må drikka den kald
et kokesjokolade og godis på kvardagar
gløymer minner, fram til nokon minner meg på dei
tenkjer på kva alle trur om meg
sjekkar at alt er som det skal i nettbanken
ser på dokumentarer om fine og rare folk, sekter og denslags
tenkjer på fine ting ved personen eg pratar med
blir raud i andletet når eg pratar med islendingar, berre fordi språket er <3<3<3

fargar for auget


i det siste har det å strikka med ordentleg ubehandla sauete ull vore min favoritt. og det trur eg ikkje kjem til å endre seg i nærmaste framtid, for å kunne kjenne på ull som materiale frå sauen og setje pris på alle dei gode eigenskapene til ull er (g)ull verdt! dette hespet fekk eg i eit garnbytte (såkalt «yarn swap») med sjølvaste melody. ho har ein ekstremt gjennomført og vakker estetikk i alt ho lagar. garnet eg fekk var «hobbywool» frå latvia, latvisk ull som ser ubehandla ut. perfekt! eg likte spesielt godt dette naturkvite og nesten kittfarga hespet eg fekk. ser det ikkje flott ut nøsta opp? slikt kan eg glede meg over i laang tid. eg la opp til ein bitteliten begynderjakken.
untitled (6 of 32)
men eg skulle eigentleg snakka litt om fargar. for etter å ha lese «farvel, ting» sit eg att med kjensla at naturfargar er meir behageleg for auget. og eg trur det er rett, sjølv om sterke fargar gjer meg glad (spesielt dei blå og grøne). eg har litt lyst til å peila meg inn mot meir naturlege tonar av fargane eg vil strikka med. fargar som finnst i naturen rundt meg, her. den rustrosa genseren er kanskje ikkje eit eksempel på det (dette er «klassisk genser» frå pickles, for dei som vil vita), men eg tykte fargekomboen var interessant. og så har eg ein tendens til å lika rosa som ikkje er heilt rosa. dei mellomfargane. inni der ein plass, midt i mellom, der ligg eg.

valdres og skógafjall

valdres september kvart år prøver me å få til minst ein tur til valdres, der sambuaren har ei mormor og der det er ein støl me kan bu på. hausten kjem alltid tidlegare til valdres, og me blir stadig overraska over kor mange haustfargar som er ute. vakkert. valdres september
me gjekk tur. ikkje nokon «topptur» denne gonga, men langs ein liten grusvei. det var så definitivt bra nok. også kan ein ta avstikkere der ein vil. lufta er så frisk, og det er berre ljoden av bekkar og rasling frå små dyr i buskane.
valdres september det var òg her eg vart ferdig med min skógafjall! dette er eit design av dianna walla, som eg har møtt med tidlegare og som er er SÅ fan av. snakk om flink designer og blogger og generelt superbra person. eg brukte léttlopi, slik ho gjorde. den einaste fargen eg ikkje hadde i garnlageret mitt var den sellerigrøne i midten. bortsett frå den lysegrå fargen på toppen, er fargane mine litt annleis frå originaldesignet. akkurat nok til å passa meg betre. det er så mykje bra med denne, og sjølv om eg endte opp med å strikka ein storleik mindre enn eg skulle fordi eg såg feil i oppskrifta, passar den så fint! snakk om flaks. det blir definitivt fleire gensere i léttlopi, og gjerne fleirfarga med mønsterstrikk. så gøy å strikke! den vart dampa ved å varma vann i ein gamal tekjele på gasskomfyren, for så å ha eit fuktig kjøkenhåndkle under. det gjorde verkeleg susen! gøy å dampe eit plagg for første gong på denne måten. valdres september
så her er me, ved stølen der me overnatta, i gensere eg har strikka. han i tømmerhoggergenseren, eg i flunkande ny skógafjall. er det rart eg smiler?

27.9

untitled (11 of 32) nokre dagar vaknar ein, også er forskjellen på denne dagen og den for to dagar sidan som natt og dag. så deilig å ha ein roleg morgon og ein sårt trengt fridag. av og til merkar eg at å jobba meir enn fem dagar i strekk (særleg når ein slutter på jobb mellom kl. 18 og 19) ikkje er heilt optimalt for meg. men det går. idag ville eg berre fange det fine ljoset som kom inn på kjøkenet. og drikka ei kanne te for meg sjølv.untitled (12 of 32)
desse er teane eg drikk mest av for tida. den gule frå kusmi (som eg ikkje drikk for den såkalla «detox-effekten», men heller for smaken) er til morgonen, den blå frå løv er til kvelden og den siste med ingefær er til når eg kjenner meg litt pjusk. også blir eg litt mindre pjusk berre av å sjå på pakninga!
untitled (16 of 32) og desse bøkene er dei som er med meg rundt for tida. «farvel, ting» er skrive med ganske korte og nesten litt minimalistiske setningar, og eg merkar at for første gong på lenge flyr eg gjennom sidene. eg likar den. han er jo litt i ytterkanten av minimalisme med si tomme leilegheit, men i denne boka er det mange fine tips. og eg treng alltid å bli påminna at eg ikkje må samanlikne meg sjølv med andre. «strikk med norsk ull» er ei bok eg visste eg ville ha, og som eg må kikka nærmare på den komande uka. masse bra info om ulike saue- og garntypar i noreg, og fine oppskriftar der ein brukar norsk ull. så himla bra! nestan så eg kan kjenne sauelukta!untitled (30 of 32)
denne boka her, altså. eg var så heldig at den brått dukka opp i postkassa som ei gåve frå det norske samlaget – og tuusen takk! så utruleg mykje fint tilbehør, og no er eg heilt på fleirfarga mønsterstrikk-kjøret, kjenner eg!
untitled (32 of 32)
denne er nok favoritten min. geometriske og enkle mønster gjer seg så godt i kontrastfargar! og no har eg ei garnbyttepakke på veg frå island som visst kanskje inneheld garn til denne hua. gjett om eg gler meg!