leva no.

eg er litt demotivert. av alle vårens must-haves-artiklane, av at ruter set opp kollektivprisa på månadsbillettar, og av jaget etter likes. at ein nesten kjenner at ein må ta bilete av maten sin før ein ét; pappaer som er meir opptekne av ipad-en sin enn ungane sine på leikeplassen og at ingen berre kan sitja på bussen og kjeda seg lengre.

eg har ikkje blogga på ein månad, men eg kjem att. eg må berre leggja ifrå meg kameraet litt og leva, væra med kjærasten, skriva dikt og lesa. teen smakar verkeleg mykje betre når ein lever i augneblinken og drikk den, istaden for å ta bilete av han og venta til han er lunka.

eg vil bevisa for meg sjølv at eg ikkje treng at andre tykkjer det ser ut som eg har eit fint liv for at eg skal vita at eg har det.

eg kjenner at eg har mykje å ta att.

Advertisements

8 thoughts on “leva no.

  1. Supersant. Jeg har tatt litt avstand fra både internett og fotografi denne måneden, og jobbet velidg mye med søm og vært med verdens fineste kollega og kjæreste. og det har vært veldig fint, og koselig.

  2. Du sier egentlig sånn alt jeg tenker på og har dårlig samvittighet for at jeg glemmer for ofte. (Med internett blir en liksom vant til å måtte ha konstant bekreftelse). Også savner jeg blogginga di, da.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s