kvardagsting: veke 36.

sagenehimmel.
måndag fekk eg trent styrke, og sprang raskt, og det var gratis hageeple i kantina. tysdag skreiv eg»glad-i-deg» på ei matpakke, vår indiske professor spelte indisk musikk i forelesningspausane, eg fann endeleg to eikenøtter, eg laga vårruller og emil vart ordentleg sjuk så eg fekk pleie han og stryke han på ryggen. onsdag var eg meir sjukesyster, drakk ein del grøn te og stjal brownies fra frysaren. torsdag vart eit viktig møte avlyst, så eg vart sitjande og sjå på fine bokhylleløysningar på nett, og det er noko som gjer meg så rar og glad. fredag, etter at eg fikk fine tips av bloglesarane mine, fikk eg jobba ein del denne dagen. ingenting kjennast betre enn det no. kanskje bortsett fra det at kjærasten min sa det finaste eg har høyrt i mitt liv til meg seinare på dagen. laurdag dro me på mine fyrste loppemarkedar i oslo, fann fine bøker og ei hylle som eg skal måla. så vart me kjend med nokre av dei som bur her på sommarfest i borettslaget. sundag las eg i ei novellesamling av murakami, og sjølv om ho er velskrive, var eg i eit mystisk dårleg humør heile dagen. det hjalp å gå på arbeidermuseet med emil og ete ciabatta på kafé med nora.
kva var det beste med di veke?

Advertisements

3 thoughts on “kvardagsting: veke 36.

  1. Så mange fine hendelser! 🙂 Høres ut som en god uke! Håper det var det!

    Det beste med min uke var at hunden min, som bor hos mine foreldre, møtte meg på bussholdeplassen da jeg reiste hjem til dem. Og senere på dagen la han seg i fanget mitt og sov.

  2. alltså så mycket fint. vill också gå på loppis i oslo <333. några ljuspunkter på min vecka var att få se san franciscos hustak från allra längst upp i staden igen och att plocka upp gitarren som jag inte hållit i på tre månader eftersom jag varit i oslo. ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s