okei, så her er sanninga. eg elskar garn. dette er ikkje garn som har akkumulert seg over lang tid – berre sidan slutten av desember! eg skulle eigenleg på salg hos pickles sist veke. eg hadde planlagd det eg skulle kjøpa, men så tenkte eg: «hm. har ikkje eg noko garn? kanskje eg burde sjå kor mykje det er.» og så gjorde eg det. og det var mykje. himla mykje fint, og godt materiale, vel å merke. det er for det meste ull og alpakka, økologisk bomull og litt silke. så mykje fint ein kan laga av det. så har ein prosjekta, eller ufo-ane som me strikkare seier, som berre ligg der og ser ut som nyfødte ullbeibiar som trengs å tas vare på. og no har eg bestemt meg. no skriv eg det her. eg må minska samlinga mykje før eg i det heile tatt kan tenkje på noko nytt (sett vekk ifrå eit skjørt som eg har blitt vald ut til å prøvestrikka). så, eg må vera trufast i ei lang stund framover. men eg gler meg til resultata!
ps: takk for fine kommentarar for tida!
WOW. Men åhh så fine farger! Håper vi får se hva ullbebiene blir til slutt!
ja, det er så mykje fint, så eg får sjå til å strikke meir! 🙂
Så fine farger! Jeg blir veldig inspirert av deg, og får veldig lyst til å begynne å strikke igjen.
det vert eg glad av å høyre! 🙂
Lukke til med trufast-strikkinga! Eg held på med det same for tida. Ullbebisar skal bli ferdige ullplagg.
Så behagelige farger! Blir sikkert kjempefine ferdige produkter, – kan vel ikke bli annet med så nydelige farger heller 🙂