å ta pause.

eg tok ein times pause og kjøpte brød på @åpentbakeri, lånte mi første bok på eit halvt år og kjøpte eføy til kjøkenet. så varmt ute at eg kan ikkje tru det.🌿☀️
når kjærasten vaska heile leilegheita mens eg var borte igår. når sola skin så våren verkeleg er her. når eg har ei lita stund for meg sjølv med te og bok i karmen. 🌱💛☕️📖☀️
når skuldrene vert stive, tankane litt overskya og hovudet slitent, så må ein gjera noko anna. sjølv om ein eigentleg skulle ha skrive på masteroppgåva. det som hjelper meg då er: å fjerna seg heilt frå det ein held på med og gå i eit anna rom eller ut. å trene styrke, spesielt rygg og skuldre. gå ein tur i solskinet. gå ein tur i regnet. setja seg ein komfortabel plass og ta opp ei bok. kutte opp eit eple og ha kanel på. setja av ein time til å sysla med eit diy-prosjekt ein har hatt lyst til å prøva ut lenge. skriva eit brev eller kort til nokon som vert veldig glad for det. og når ein er klar kan ein setja seg ved pulten att og ta opp arbeidet med litt meir av ei kjensle ein mangla. prøv.

Advertisements

8 thoughts on “å ta pause.

  1. Fint – og lurt! Jeg er så enten eller. Enten får jeg ikke gjort så veldig mye studierelatert i løpet av en dag fordi jeg gjør alt annet, eller så stresser jeg og jobber ganske ineffektivt. Ja til en mellomting – studiedager med passelige pauser!

  2. Enig med Gitte: fint og lurt! Men hva gjør du for å få deg selv til å begynne igjen? Eller hvordan motiverer du deg selv? Jeg sliter ofte med å komme i gang og få gjort noen ting som helst.

  3. det er lurt, det! men ofte litt lettere sagt enn gjort, dessverre, når det trengs mest. uansett, bildene dine er nydelige!!

  4. Det beste jeg vet er når jeg tar pause på Fretex. Lager meg kopp te, smører mat og setter meg i sofaen på pauserommet med en bok. Den beste halvtimen på dagen, og jeg føler meg så klart for å løpe opp-og-ned, smile, smalltalk og rydde etterpå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s