eit skifte.

det vart brått ikkje så mykje blogg. eg fekk ein skikkeleg bra jobb, og jobbar no fulltid. det er krevande, spennande, nytt, fint og slitsomt. men det er fint å gjera noko. spesielt noko som har med miljø å gjera. eg er miljørådgivar, og gjer noko nytt kvar dag til no. eg er oppe litt over 6 kvar morgon; kjem heim litt før fem. som veldig mange andre. det er eit annleis liv. eg har byrja å laga planar for turar eg vil gå i og utanfor oslo, fordi eg sit mykje stille i jobben. idag vart eg nestan oppdragsleiar, sjølv om eg såvidt har jobba to uker. eg lærar. eg veks. eg er redd. eg er takksam. mykje kjensler på ein gong.

meir #marygenser berre fordi. 🍃

men, så var det noko anna eg ville sei. at etter å ha lest fine koffeine sin ti gode ting, har eg mange gode ting å lista opp. sjølv om eg er sliten. så her kjem dei på rullande bånd: at yndlingsårstida mi er på veg, at det er masse grønsaker til lønsj på jobben kvar dag, at eg strikkar på noko fint til meg sjølv (sakte men sikkert), at eg har strikka genseren over (!!!!) og at den passa, at kjærasten så mange dagar har laga middag til eg kom heim, når eg er snill med meg sjølv og tek med tid til å trena ryggen, når bussen heim ikkje er stappa, at det framleis er ljos ute på kvelden, at orkidéen eg fekk av storesyster ikkje har daua (enda), sjokolademelk, å legga seg tidleg i reint sengesett.

Advertisements

8 thoughts on “eit skifte.

  1. Skjønner så godt at det er et stort skifte! Og jeg tenker det er lov å være både sliten og redd. Men så deilig at du vokser, lærer og kjenner takknemlighet også! Jeg heier på deg ❤

  2. For ein NYDELEG genser! Strikkelysta mi har ligge i dvale over lengre tid, men no var det nesten så eg fekk lyst å ta pinnane fatt igjen!
    Hausten er mi yndlingsårstid også, eg gler meg!

    God helg! 🙂

  3. Det er ikke så enkelt å opprettholde en blogg når man er i full jobb, særlig en jobb som ikke er så «bloggete», haha. Kjenner meg igjen i det. Men så masse fine ting ❤

  4. gratulerar till jobber, bästa du! är säker på att du är utmärkt för det. och din stickartalang slutar aldrig att förvåna. kram från andra sidan havet ❤

  5. Utrolig fin genser og fin liste! Og jeg skjønner godt at det kan være utfordrende og kanskje litt overveldende å begynne i ny jobb, spesielt etter å ha vært student i flere år. Men glad å høre at det går bra med deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s