ei kjensle.

drikk varm kakao ved stølen i valdres. ute på ei steinhelle i solgløtt med sjølvstrikka genser og gamle vottar (frå @myldretid!) 🍂☕️
eg har ei sterk kjensle som sakte men sikkert veks i meg. ein lengsle om å koma attende til sjø og stein og tre. til grasplen og stille, graut kvar sundag og heimelaga brød til frukost. til å strikka kofter på ei brygge i norsk ullgarn frå norske sauer. til å vera meir trygg og mindre redd, til meir liv og mindre nett. til å høyra på radio og lesa bøker i sola eller medan ein drikk kakao inne på ein snøvêrsdag. til å gå turar utan å tenkja på tid og hast. til å ein gong i tida kanskje få lov til å late ei lita jente eller ein liten gut veksa opp med saltvann i augo og frisk luft. det er så mykje kjærleik i denne kjensla.

Advertisements

9 thoughts on “ei kjensle.

  1. Heidu! Jeg ville bare så inderlig legge igjen en kommentar hos deg på bloggen din generelt (ikke bare dette siste innlegget), for jeg havnet tilfeldig hit på denne nydelige siden og har lest det du har skrevet tilbake i tid. Du skriver så godt og har nydelige bilder. Jeg blir inspirert til alt mulig rart av det du skriver, alt fra strikking og lesing til å ta det med ro når stresset kommer og sette pris på sånne små fine ting som jo er hverdagen. Håper at du fortsetter å oppdatere bloggen din, da har du i hvert fall en ny fast leser. Hilsen Ingeborg

    • hei ingeborg! for ein nydeleg kommentar. varma meg lang inn i hjarterota. eg har tenkt litt på det idag – at kanskje eg skulle byrja å blogga litt oftare? vonar du har ei fin veke. venleg helsing, kristin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s