24,5 kg.

det er ei stund sidan sist.

eg tek ikkje så mykje bilete, men eg strikkar litt. den grøne tingen på bilete er ein genser eg teststrikkar for pickles, favorittgarnbutikken min her i oslo. eg valde denne grønfargen som er heilt sjukt grøn og som passer så godt til alt det grøne som veks opp rundt meg for tida. eg trur den blir fin.
løvsprett.når me snakkar om garn, har eg no lagt inn alt garnet eg eig i ein oversikt som heiter stash på ravelry.com. der ligg mengde, fargekodar, bilete av garnet – alt. og når eg strikkar legg eg inn prosjekta mine, og legg i tillegg inn kor mykje garn eg har brukt (eg veier eller substraherer) og då oppdaterast mitt stash etter kor mykje av det garnet eg har att. veldig oversiktleg og fint. og du, snakkar om garn – eg la saman kor mange kilo eg har kjøpt i år: *trommevirvel* og det er 11 kg. jepp. eg har fått eller vunne kanskje 1-2 kg av dei, men det er uansett 11 kg i pluss for i år. og totalt, kor mykje garn eig eg? jo, *ny trommevirvel* – 25,4 kg. no har eg sagt det, og er litt flau. eg byrja ikkje å strikka på ordentleg før jula 2014, så på halvanna år har eg då kjøpt, fått og vunne over 25 kg garn.

mykje av desse kiloane er trøystenøste. trøystegarn kjøpt under depresjonsperioden min det siste halvåret. og mykje av det har gitt med gledje, men det er på tide å bruka det. hobbyen min går jo ut på sjølve strikkinga, ikkje garnkjøping! så, eg skal ikkje kjøpa meir garn ut året, med mindre det er eit superviktig gåveprosjekt eller eg må kjøpa 1-2 nøste av eit garn for å supplera garn eg har på lageret for å strikka ferdig noko. der – no har eg sagt det! og då var det berre å strikka opp eitt gram av gongen.

Advertisements

5 thoughts on “24,5 kg.

  1. Hurra for trøstenøster! Jeg benytter meg av det selv, selv om det ja…hoper seg opp noen kilo for å si det slik 😛
    Så kjekt at du får teststrikke for Pickles! Det må jo bare være drømmen ❤

  2. «Trøystenøste», det synes jeg var et fint ord ❤ Og så mye fint garn du har! Kommer til å bli så mye fine plagg av det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s