takksam for just no

idag er ein mykje betre dag. (tusen takk for alle fine ord, de er best.) følte for å skriva ned nokre fine ting eg er takksom for i denne augneblinken:
🍭 med @ingvildmusikk!(bilete teken av finaste ingvild når me var på henie onstad.)

  • fine bloggfolk eg kan strikka og skravla og ete kaker med som kjem på besøk og gjer dagen min betre
  • lukta av syriner eg tok frå treet i bakgården
  • kjensla av å gi ting til folk som vert glad for dei
  • lyden av regn og oppvaskmaskinen
  • når ein velger perfekt type te til perfekt tidspunkt
  • å bli ferdig med boka du byrja på for altfor lenge sidan
  • å innsjå at eg ikkje treng meir plass, men færre ting, og så gi enda ein pose klede til fretex og lika skapet sitt betre etterpå
  • å ha augneblink der ein klarer å vera si eiga venninne litt (og forstå at ein er bra nok)
  • den sjukt grøne grønfargen på trea utanfor (gud som eg har sakna det i vinter!)
  • å klara å jogga 5 km sjølv om eg er i dårleg form
  • nye, gode joggesko med riktig støtte (som sikkert gjorde punktet ovanfor litt lettare)
  • fine kommentarar her og på instagram (det kan redda ein dårleg dag)
  • å så smått byrja å ta bilete igjen
  • at denne macbooken framleis funkar fint etter seks-sju år med tung bruk
  • at eg kan ha nokre dagar som er veldig fine. så himla med framgang, berre det
  • tanken av å kanskje ha eigne born ein dag. og ha namna på ei liste allereie
  • å le så mykje at ein får mageknip og græt og gløymer alt anna i fleire timar
  • at plantene mine har overlevd i fleire månader og at orkidéen frå ifjor er i full blomst!
  • at eg og svigers skal til lofoten i sommar
  • å kunne gå utan skjerf ute
  • blågrønt, den finaste fargen
  • når emil later som han er ein valp eller pingvinbaby
  • «englands beste keramiker». britisk serie. sjå den!!
  • nyvaska leilegheit
  • heimelaga brød
  • ljoset om morgonen
  • at eg turte å klippa meg kort
  • at eg kan skriva opp så mange ting som eg er takksam og glad for. berre det. takk.
Advertisements

5 thoughts on “takksam for just no

  1. ❤ Åh, så mye fint! Det er ikke alltid så lett å se de små tingene i hverdagen som gir glede og som man er takknemlig for, men de er akk så viktige. Håper du får en fin uke ❤ klem.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s