puste ut(e).

november. få ord her på bloggen, men mange oppi hovudet mitt. no skal fleire av dei verte skrivne her, tenkjer eg.
høsttur
i det siste har det vore godt å koma ut ein tur, sjølv om det av og til er vanskeleg når ein må ta på seg lag på lag med klede og passa på å ikkje vera for kald, ikkje for varm. men eg har bestemt meg for å ønske vinteren velkommen til oslo og til meg. det er jo så mykje finare når ein går inn for å lika ting! så ut skal ein, og verdt det er det absolutt.
høsttur
ved st. hanshaugen hadde nokon hengt opp gjengløymte vantar og luer i eit tre. som kunst, tykte eg. det er fint å ta fram kameraet igjen.
høsttur
også er det fint å samstundes med kjærasten seia «oj!» når ein kjem over eit perfekt blad. så vakker kan naturen vera i dei små tinga. no kokar tevatnet og eg har tatt på meg ein strikkagenser eg har strikka sjølv. to favoritting med vinteren: meir te, meir strikk. og eg vonar at de framleis vil lesa her sjølv om det vert meir av akkurat dei to tinga framover. for det blir det.
høsttur

Advertisements

9 thoughts on “puste ut(e).

  1. Koselig! Koser meg forresten med youtube-inga di òg – får så lyst til å gi meg i kast med spenstige strikkeprosjekter med fint garn, selv om jeg først og fremst holder meg til de små, trygge enda. 🙂

    • eg veit ikkje kva dei heiter, men dei finns som gratisoppskrift på ravelry! prøv å leita opp «seahorse» kanskje? det var ei bekjent som strikka dei, ikkje meg diverre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s