veke 47.

kur
den siste veka har vore fin. eg har funne vintertrøyst (du veit, når det innimellom grå asfaltdagar finnst ljos og augneblink som berre gjer godt) i fleire saker. idag vakna eg og kjente meg «groggy» (hihi). ingefær-te må eg alltid ha i skåpet om vinteren, for saman med honning og sitron gjer det så godt for stemmen.
bokliste
noko anna er at leselysta mi har komen att. eg vil lesa bøker!! det er jo heilt fantastisk, tykkjer eg. på biletet er det fire bøker som er relativt nye i bokhylla. to av dei har eg lest denne veka; douglass si en amerikansk slaves liv og schau si på vegne av venner. begge rørte meg på kvar sin måte. eg elskar å lese historia til folk som har vore så ekstremt viktige og oppofrande for undertrykte menneske. inspirerande til tusen, og litt trist, for eg får jo ikkje sagt takk. og kristopher schau si bok tykkjer eg var så ærleg og fin om livet og dauden.
gitar
novemberljoset. kvar ein månad har sitt ljos. når eg hang opp papirpynt i vindauge vart det så fint når den lave vintersola sneik seg på. eg trur gitarhalsen strakk seg litt ekstra for å få ho med seg, òg.

Advertisements

2 thoughts on “veke 47.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s