veke 1 (og mange tanker).

det er første veka i eit nytt år. ein del av meg er litt i halleluja-stemning som alle andre; nye sjansar til å gjera det ein alltid har hatt lyst til å gjera, bli det ein alltid har hatt lyst til å bli og indoktrinera nye vaner. ein annan del av meg er litt sånn.. realistisk. den første dagen i eit nytt år er jo berre ein dag. det er dagen etter nyårsaftan. jovisst har ein fri, men det er eigentleg det einaste som gjer den spesiell. det er viktig å hugsa på at 1. januar alltid er ein “imorgon”, som alle andre “imorgonar”.

men når det er sagt har eg likevel nokre tankar om dei neste 365 dagane – eigentleg dei neste 36500 dagane – som eg tenkte eg skulle dela med dykk. eg veit ikkje om eg vil kalla dei mål; eg trur heller eg kallar dei vaner. so, here goes:

  • eg vil gjera det vanleg for meg å gå ein tur kvar dag, enten det er to timer på sundagar med sambuaren eller om det er tjue minutter for å rekke å få litt lys på kroppen i dette mørke landet. eg har så godt av det på kanskje ti ulike måter.
  • eg vil gjera det eg kan for å dette året, og alle andre år framover, ha ein frisk kropp. eg har erfart at eg kan gjera mykje for at eg ikkje skal ha så vondt i ryggen og gjera mykje for å minska dårlege perioder i sinnet.
  • eg vil setja pris på sagene, som er området eg bur på i oslo. for det er fint her. og ein dag bur eg kanskje ikkje her mer, og då veit eg at eg kjem til å sakna det. så eg vil sjå på sagene som ein god ven; eg vil vitja ho regelmessig, stole på ho og vera nyfiken på kva som skjer for ho for tida. me har akerselva til turgåing og masse fine plasser å sitja ned om ein vil ha ein kopp te. også har me verdas finaste lille bokhandel sagene bok & papir. dra dit.
  • eg vil slutta å vera så avhengig av ting. tryggleik, mobiltelefonen og godteri er nokre av tingene. det innebærer å tørre å gå ein tur når det er mørkt ute. det innebærer å ikkje leggja mobiltelefonen på bordet med ein gang ein er på besøk hos nokon og generelt ha den i eit anna rom (når ein sit på mobilen medan ein er med andre sender ein ut eit signal om at mobiltelefonen er viktigare enn deg, akkurat no.) det tyder å ikkje ha godteri i skåpet heime, og heller setja pris på det meir og eta det når ein feirar noko. eg har brukt det meir til trøyst. og eg har funne ut at når eg er for redd, når eg brukar mobilen for mykje og ofte og når eg et mykje sukker så gjer eg mindre av alt det andre eg skreiv i dei føregåande punkta. alt med moderasjon, altså.
  • eg vil vera mindre hard med meg sjølv om eg har ein dårleg dag. det er ok å ikkje ha berre gode dagar og berre tenkje positivt – eg har tross alt brukt mykje tid på å takla og kjempa mot depresjon det siste halvanna året (og hatt det i mange perioder før det). det er ein del av meg som eg trur kjem til å liggja der lenge, men det betyr ikkje at kristin = depresjon. eg er så mykje meir.
  • eg vil prøva hardt for å faktisk sjå alt det eg klarar å gjera. eg meiner – i fjor ville bergen strikkefestival at eg skulle halde ein workshop på festivalen deira. fordi eg er flink til å ta bilete og inspirera andre. og eg vil prøva å klappa meg sjølv på ryggen, sei at eg faktisk kan noko og skriva fleire setninger som den forrige for meg sjølv. det er lov å vera stolt!
  • eg vil jobba meir. eg slutta i fulltidsjobben eg fekk rett etter mastergraden min ifjor etter å ha jobba der eitt år. fram til no har eg leita etter jobber, utan å heilt vite kva eg vil gjera. eg vil berre trivast, vera til nytte og ha ein normal kvardag. leggja det forrige årets triste dagar bak meg. for eg kan så mykje og eg vil vera med å bidra! eg har fått ein liten jobb, men har kapasitet til meir.

kva tenkjer de om det neste året? har de bestemte mål, nokre tankar eller kanskje ingenting? eg vil gjerne høyra om det! eg vonar at de alle har hatt ein fin start på året. 🙂

Advertisements

14 thoughts on “veke 1 (og mange tanker).

  1. Så fint du skriver, Kristin! 🙂 Jeg har som mål å prøve å gi litt mer f, for jeg bekymrer meg for mye om for små ting. Og å kjøpe mer blomster!

  2. Så gode tanker! Jeg vil også bruke mye av året mitt ute, for det er lite som hjelper så mye på både formen og humøret som frisk luft og noen solstråler. Håper du får et fint 2017! 🙂

  3. Så fine tanker og mål du har foran det nye året/resten av livet. Dette året vil jeg jobbe for å ikke gro fast i sofaen, det har blitt så altfor enkelt for meg å velge det fremfor å treffe venner og involvere meg i gøye ting fordi jeg blir sliten av pendling og jobb. Jeg er jo bare 25, ikke 50.

  4. Så mange bra, og ikkje minst gjennomtenkte, mål 🙂 Å gå turar, å prøve å vere mindre hard med seg sjølv og det å setje pris på nabolaget er nokre av punkta eg liker best. Håper du har hatt ein finfin start på 2017 🙂

  5. Så fint og klokt du skriver! Jeg vil også gå tur hver dag. Da har jeg det så mye bedre! Ellers håper jeg å finne en jobb jeg trives med, og at vi finner oss et lite hus å bo i. Lengter vekk fra blokklandskapet, og har gjort det lenge. Ellers vil legge vekk telefonen mer, skrive mer, lese flere bøker og strikke mer.

  6. Åh, du skriver så mykt og godt om fine ting! Jeg vil også gå mer tur i 2017, tørre å besøke turstier og -områder jeg sjelden tenker på, utforske nærmiljøet mer gjennom det. Også håper jeg at jeg klarer å skrive mer, og at jeg tørr å tegne selv om jeg kanskje ikke blir fornøyd. Ønsker deg en så godt tid inn i 2017 som overhodet mulig!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s