eit nytt strikkeår.

pink.
2017. eit nytt strikkeår. nye, hårete mål for korleis garnlageret skal sjå ut om litt over 300 dagar. i 2016 kom det inn vanvittige mengder garn, men frå mai gjekk lageret litt nedover. då registrerte eg alt eg hadde i eit excel-ark, samt på ravelry (med bilete og det heile). sistnemnte er himla greit; no kan eg sjå alt garnet mitt uansett kor eg er. det gjer det lettare når eg skal finna ut kva eg skal strikka med det.

1. januar hadde eg 22.454 kg garn på lager. det er mykje. det er ikkje talet i seg sjølv som skrøymer meg, det er kor mykje eg kjøpte og kor lite plass eg faktisk har til det. det meste ligg i stua vår og noko på soverommet. og ellers der eg har plass til det. men eg vil ikkje ha det slik. eg veit eg har det betre når det er reinare flater i leilegheita, når det er mogleg å lukka skapdører, når det kjem meir ljos inn fordi det er mindre ting i vegen og når det er lett å gjera reint. eg kan ikkje skryta på meg at det er slik no.

eg har ikkje noko bestemt tallmål, trur eg. det viktigaste er at lageret fortsetter å minska og at eg ikkje kjøper garn på sal heile tida. ull med meining, garnkontroll, kall det kva du vil.

eg vil òg ha eit meir bevisst forhold til garnet eg kjøper. eg er mest glad i å strikka med ull og eg heier på alle som produserer garn frå norske sauer – derfor burde dette vera høgast på lista når eg skal kjøpa garn. det er jo ikkje såå vanskeleg å sjå på banderolen (den papirdingsen rundt eit nøste) og sjå om det står “100% norsk ull”. for dei som lagar garn av norsk ull skriv det gjerne. mens dei som ikkje gjer det skriv berre “ull” eller kva anna fiber/dyrehår som er i garnet. og klistrar gjerne eit par flagg på, berre så me skal tru det er norsk. klassisk. fjell og fjordar, sau og bunad – det selger.

men, altså, no spora eg litt av! eg vil eigentleg kjøpa minst mogleg, for eg har mykje meir garn enn to personer hadde rukket å strikka opp om dei verkeleg strikka på ut året. det seier litt. og eg har kjøpt inn nok av kvar garn/farge til å laga eit heilt plagg som passer ein lang kropp. så eg har ikkje noko unnskyldning i at eg berre har litt av kvar type og farge.

ellers vil eg strikka meir til meg sjølv, men tenkja litt over kva eg faktisk treng. i år vil eg gjerne få strikka nokre jakker. eg er frysepinn deluxe, og må ha lag-på-lag-ull. ellers er det kanskje lurt å tenkje på å strikka seg ein kjole til og eit skjørt, så eg kan gå med heimelaga garderobe i finare selskap. og ikkje kjøpa det. det har eg blitt flinkare til det siste året.

kva tankar har du om strikkeåret 2017? har du spesifikke mål, eller meir diffuse?

Advertisements

8 thoughts on “eit nytt strikkeår.

  1. Jeg har som mål å strikke mer, pga masterskriving og senebetennelse i fjor måtte jeg trappe ned på strikkinga. Jeg sliter fortsatt litt med senebetennelse, men det har blitt mye bedre 🙂 Også må jeg forsøke å ikke gå bananas selvom jeg jobber for Pickles, det er så mange fristelser!!

  2. Som deg så registererte jeg garnlageret på Ravelry, og det hjelper i å holde meg igjen ang garn-shopping bittelitt i hvertfall. Den mest sjokkerende delen er å se hvor raskt det havner garn under “stash” og hvor tregt det går å få noe under “all used up”. 😛 Målet for 2017 blir nok å bite av en stor andel av den garnhaugen, men jeg vet at Edinyarnfest kommer til ødelegge litt for det målet. Så aller mest skal jeg fokusere på det jeg vil strikke fra dette lageret: latviske votter, 5 overdeler til meg selv, 12 par sokker bl.a. Også vil jeg bli flinkere til å regne hvor mye garn jeg har strikket i meter og gram. Skulle ønske det fantes et lurt ‘template’ for det der ute. 🙂 Lykke til med 2017-målene!

    • hvis du lagar deg mappar i ravelry (med prosjekt i), så kan du laga ein for i år med prosjekta frå i år. då vil det stå kor mange meter du har strikka opp nederst på sida! 🙂 det går ufatteleg tregt å få noko til å legge seg under “all used up”, ja.. fine mål du hadde!

  3. Så fine mål du har! Jeg har som mål å fortsette å egostrikke til meg selv – det er tross alt jeg som synes det er mest stas med egen strikk på kroppen :):) Og så vil jeg fortsette å strikke med sterke og fine farger! Det er altfor mye grått og svart i vinter-Oslo, og det vil jeg motvirke 😉

  4. Fann bloggen (och vloggen) din under julhelgen och gillar så det du skriver (och stickar!).
    Mina mål i år är att sticka mina första par sockar. Kanske 12 sockar, ett par i månaden och alla med olika tekniker. Har stickat många koftor, vantar, m.m. men just sockar skrämmer mig lite. Tror det är hälen 🙂
    Men jag vill också vara med på fler KAL’s, och sticka mer ute bland folk på fik och pubar.
    Tusen tack för en fin blogg!
    /Elina i Uppsala, Sverige

    • åh, så fint å høyra, tusen takk! eg er faktisk venn med deg på ravelry. du lagar mykje fint! så fine mål! skal du laga ein box-o-sox? hæler er også det som skrøymar meg med sokkestrikk. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s