20.5.17

det er lenge sidan eg har gjort dette; komen inn døra etter ein gåtur og skrudd på pc-en på soverommet med ei gong, fordi eg visste eg måtte skrive noko. uansett kor lite eller stort, bra eller uklårt. så her sit eg no og skriv.

idag er ein humørfull dag. eg tvang meg sjølv ut døra fordi det er ei heilt jobbfri helg – ein heil laurdag og sundag fri. ofte kjem eg meg ikkje ut fordi eg berre er lat og tenkjer «men eg har jo fri, eg kan gjera akkurat kva eg vil, og akkurat kva eg vil er å sitja her». men av og til er eg redd, litt usikker, for folk og for kor eg skulle gått. kva skal eg gjera der ute? bli sett på? og kvifor klarer eg ikkje berre å gå? så idag var ein dag der eg visste eg måtte ut, men ut ein stad der det ikkje er så mange på ein solfylt laurdag i storbyen – gravplassen.

det høyrast dystert ut, men eg gjekk på gravplassen. i alle krikar og krokar, og nestan alle små stiar laga med grus eller skiferplater. det er vakkert der, og lauva sprett for tida. det er faktisk ein av dei finaste plassane eg kjem på i oslo. iallfall idag.

dei seier at når ein går får ein lufta hovudet, akkurat som om det tømmer seg eller er meir tomt enn når ein er inne. men idag var det ikkje så mykje luft oppi der, berre tankar. tankar om dauden. livet. kor mykje liv som har vore der. kor mykje sorg desse folka har hatt. hemmeligheter folk aldri fekk vita på. som gikk med dei i grava. det gjeld å finna skjønnheten i gravplassen, livet der og kor skjørt alt er – og så dra i tide.

eg hadde eit sett nøkler og 32 kroner i lomma. eg gjekk først inn på ein fin liten kafé og stilte meg i kø, men oppdaga raskt at eg måtte snu når dei ikkje hadde noko til 32 kronar. så då gjekk eg ned gata mi og stoppa innom ein favorittbutikk. dama i den sa ikkje hei til meg, berre til svenskane som kom inn eitt minutt etterpå. eg leita, fann eit dåpskort til 29 kronar, kjøpte det og dro. og no sit eg her foran pc-en.

det var det eg hadde å seia idag.

Advertisements

2 thoughts on “20.5.17

  1. Eg kjenner meg att i skildringa av å sitje inne og tenke på den lavterskel turen ut, utan å finne ut kvar eg vil gå. Og det er jo ganske fint inne, sant. Og så blir eg sitjande, eller så kjem eg meg ut. Og dei gongane eg kjem meg ut, så er det som oftast ein fin ting. Eg ser alltid noko eg ellers ikkje ville ha sett, og tenkjer på ting eg kanskje ikkje ville tenkt. At du finn roa på gravplassen syns ikkje eg at er rart i det heile tatt. Det er jo ein stad for å få kvile i fred. (Dro eg den litt langt no?)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s