vårstart.

når våren kjem kjennest det som om ein får ein ny start. som om ein får lov til å laga ein ny start – om ein vil. eg har bestemt meg for å gjera det i år. og nei, eg pratar ikkje om «sommarkroppen 2017» eller noko slikt, men om å slutta og ta opp att ting som er viktige for meg.

bujo-søndag

  • punktjournal / bullet journal
    i tokyo fekk eg tak i ein sjøgrøn moleskin med prikkar og ikkje liner. så no skal eg gjera det som eg har hatt lyst til å gjera i fleire år, nemleg å starta med bullet journaling! bujo. punktjournal. kva er det, seier du? vel, om du googlar får du opp masse skrivebøker (ofte med prikkar eller rutar eller blanke ark) med listar og datoar og ulike teikn. nokon brukar sin som ein almanakk og skriv inn dato, månadsoppsummering, kva dei har på agendaen. eg vil at min skal innehalde vane-sporing (habit tracking) og sjå på kor ofte eg faktisk gjer det eg vil gjera; som gåturar, vlogging, kjøpestopp og å legga meg før elleve på kvelden. eg vil og at den skal vera vloggeboka mi full av idear og notater, og ei takksemddagbok. eg gler meg til å starte på min, spesielt no som eg har kjøpt inn flunkande nye tusjpennar og har dei i eit vakkert pennal som superflinke ingvild sydde til meg og sende i posten. ting som gjer ein glad der, altså.

bujo-søndag

  • selge & rydde.                                                                                                                                 eg skal selge unna litt ting om dagen. eg skal ikkje bytta dei ut med nye, men spare på pengane (fordi lønna mi er ustabil om dagen) og rydda og gjera det fint her. det gjer så mykje med psyken min frå dag til dag. det treng ikkje vera hundre prosent reint eller støvfritt (det er det aldri), men berre.. nok rom. nok mellomrom mellom dei tinga eg har. og meir meining i dei. eg skal ikkje gå heilt bananas og kvitte meg med alt eg har, altså, det er inga vits. men om nokon andre kan kjøpa det av meg og bruka det meir enn eg gjer? ja, då ser eg ikkje noko poeng i å ikkje selga det. nøkkelord her: garn, klede og ytterplagg. om ein lar vera å kjøpa ting så er ein heller ikkje avhengig av å tene like mykje.

botanisk hage

  • gjera
    med å gjera meiner eg akkurat det; gjera saker i staden for å bli underhaldt av saker. eg har vore avhengig av mykje tv-tid sidan barndommen, og behovet mitt for å bli underhaldt og distrahert av nokon andre er så himla stort. eg høyrer ikkje på musikk lengre (eg som pleide å finne fem nye yndlingsband i veka), eg skriv brev ekstremt sjeldant (og dei som skriv til meg ventar så lenge på svar) og eg les ikkje bøker. så eg vil gjera det til ei vane å høyra på podcast i stadenfor å sjå på tv. å ha ei bok i veska på bussen i staden for å sitta på mobilen. å gå ut og setja meg på ein benk berre for å bli omsverma med solljos. klippa og lima og stempla. for det er fint. men eg gjer det aldri.

har du nokre ting som du gjerne vil gjerna meir av i år, eller starta med? eg vil gjerne høyra! 

Advertisements

5 thoughts on “vårstart.

  1. For et supert tips om punktjournal! Det skal jeg prøve. Om en måned flytter jeg for meg selv og skal bo «alene» for første gang på 20 år. Jeg trenger å finne ut av «hvem jeg er» og hva jeg liker å gjøre når jeg ikke er en del av et forhold, ei slik bok kan være til hjelp.
    Ønsker deg ei riktig fin uke!

  2. Så fine mål! Jeg vurderer sterkt å kjøpe bullet journal nå i sommer. I stedet for å kjøpe en masseprodusert almanakk, hadde det vært kjekt med en bullet journal der jeg kan bestemme hvordan den skal se ut 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s