å få nok av å ha meir enn meir enn nok

eg har tenkt på noko i fleire år. eg har lest om eit tema, eg har prøvd å oppnå det som har vore draumen, men så ofte har eg tulla meg bort og landa meir på motsatt side.

eg snakkar om minimalisme. færre ting.
eg snakkar om maksimalisme. meir liv.

og det seier eg, tenkjer du? eg som har: eit stappa skap, over tjue kilo garn, tretti mummikoppar på ei kjøkenhylle, fulle bokhyller? eg som pleidde å dra på shoppingtur for å bruke mest mogleg pengar når eg var tolv år? eg som har meir enn meir enn nok?

du har nok sett det. denne «bølgen» (å guri, eg mislikar det ordet) der folk vil ha eit enklare liv, mindre stress, mindre rot, færre ting, kvalitet, tryggleik. men det er noko ved det. eg har lese bloggen til leo babauta i fleire år, kondo si famøse ryddebok og samt den norske listelykke, og seinast sett «minimalism: a documentary about the important things» på netflix og lese bloggen til the minimalists. og alt dette tilrår eg.

men så må ein finna sin eigen veg inn i det, ut av det, kva enn ein kallar det. kva ein eigentleg vonar å få ut av alt dette. om dette er berre på grunn av at favorittkjendisen din er minimalist, eller om du kjenner det i marg og bein. hos meg så brusar det i blodet kvar gong eg får ei ledig hylle. det skjer ikkje ofte (og det tek mykje arbeid), men guri så deilig det er. på ein heilt anna måte enn når eg eter eit kakestykke for første gonga på lenge, eller når eg har fått noko fint til bursdagen som eg ønska meg. for dette har eg ønska meg meir: fred. rom gir meg fred i ein ellers så nervøs og følsom kropp. det gir meg lyst til å læra nye ting, til å bruka det eg har, til å sjå kor heldig eg er. og det er det finaste av alt.

for dette, dette treng eg ikke gjera. så heldig vart eg fødd. i noreg og greier. eg treng ikkje gjera dette, men eg gjer det allikavel. og de er velkomne på reisa mi om de vil vera med.

Advertisements

6 thoughts on “å få nok av å ha meir enn meir enn nok

  1. Dette vil jeg lese mer om! Har mange tanker om temaet selv. Kjenner mye på at jeg vil ha færre ting, og mindre rot, særlig med to små i en ikke så stor leilighet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s