27.9

untitled (11 of 32) nokre dagar vaknar ein, også er forskjellen på denne dagen og den for to dagar sidan som natt og dag. så deilig å ha ein roleg morgon og ein sårt trengt fridag. av og til merkar eg at å jobba meir enn fem dagar i strekk (særleg når ein slutter på jobb mellom kl. 18 og 19) ikkje er heilt optimalt for meg. men det går. idag ville eg berre fange det fine ljoset som kom inn på kjøkenet. og drikka ei kanne te for meg sjølv.untitled (12 of 32)
desse er teane eg drikk mest av for tida. den gule frå kusmi (som eg ikkje drikk for den såkalla «detox-effekten», men heller for smaken) er til morgonen, den blå frå løv er til kvelden og den siste med ingefær er til når eg kjenner meg litt pjusk. også blir eg litt mindre pjusk berre av å sjå på pakninga!
untitled (16 of 32) og desse bøkene er dei som er med meg rundt for tida. «farvel, ting» er skrive med ganske korte og nesten litt minimalistiske setningar, og eg merkar at for første gong på lenge flyr eg gjennom sidene. eg likar den. han er jo litt i ytterkanten av minimalisme med si tomme leilegheit, men i denne boka er det mange fine tips. og eg treng alltid å bli påminna at eg ikkje må samanlikne meg sjølv med andre. «strikk med norsk ull» er ei bok eg visste eg ville ha, og som eg må kikka nærmare på den komande uka. masse bra info om ulike saue- og garntypar i noreg, og fine oppskriftar der ein brukar norsk ull. så himla bra! nestan så eg kan kjenne sauelukta!untitled (30 of 32)
denne boka her, altså. eg var så heldig at den brått dukka opp i postkassa som ei gåve frå det norske samlaget – og tuusen takk! så utruleg mykje fint tilbehør, og no er eg heilt på fleirfarga mønsterstrikk-kjøret, kjenner eg!
untitled (32 of 32)
denne er nok favoritten min. geometriske og enkle mønster gjer seg så godt i kontrastfargar! og no har eg ei garnbyttepakke på veg frå island som visst kanskje inneheld garn til denne hua. gjett om eg gler meg!

Advertisements

6 thoughts on “27.9

  1. Du skriver så fint! Og, jeg henger veldig med på ideen om minimalisme. Det kan bli nesten litt (for) klisje-aktig, men jeg kjenner likevel hvor mye mer ro jeg får i hodet når jeg får mer rom mellom tingene i huset. Kan jeg få ønske flere bilder av leiligheten din? Den er så fin! I hvert fall ut ifra de bildene du viser her.

    • tusen takk, ingeborg! og eg skjøner kva du meiner med klisje-tenking! eg veit ikkje kor mykje meir eg kjem til å visa no, fordi eg vil visa dei beste delene. resten held eg framleis på å finne ut av i romma våre. sidan eg rydder, gir vekk, kaster osv. nett no, er det nok betre at eg (om eg gjer det) gjer det seinare i tid. 🙂 det blir mykje rot før det er ryddig, er det ikkje det dei seier? det er også ikkje så lett å ta bilete av rom utan at dei blir heilt boligannonse-skeive og rare!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s