strikketerapi – episode 4.


for dei som ikkje visste det; eg har laga youtube-kanal om strikking og garn! og den heiter strikketerapi. over er episoden eg la ut idag – episode 4.

eg har vald å kalle kanalen min strikketerapi fordi det er det strikking har vore for meg det siste året – nødvendig terapi. det er det einaste eg har kunnet gjera dei dagane som har vore skikkeleg tunge og der eg har slitt med å halde motet oppe. det å produsera noko med hendene er ei fantastisk kjensle; spesielt den å produsera sine eigne klær (som eg faktisk brukar dagleg). å få vera ein del av ei gruppe menneske på instagram og strikketreff som er så inkluderande, vel, det har hjulpet meg masse.

hvis du enno ikkje er lei av meg og strikkinga mi, kan du lesa eit lite portrettintervju på bloggen til pickles. sånn, det var alt for ikveld! over og ut.

veke 47.

kur
den siste veka har vore fin. eg har funne vintertrøyst (du veit, når det innimellom grå asfaltdagar finnst ljos og augneblink som berre gjer godt) i fleire saker. idag vakna eg og kjente meg “groggy” (hihi). ingefær-te må eg alltid ha i skåpet om vinteren, for saman med honning og sitron gjer det så godt for stemmen.
bokliste
noko anna er at leselysta mi har komen att. eg vil lesa bøker!! det er jo heilt fantastisk, tykkjer eg. på biletet er det fire bøker som er relativt nye i bokhylla. to av dei har eg lest denne veka; douglass si en amerikansk slaves liv og schau si på vegne av venner. begge rørte meg på kvar sin måte. eg elskar å lese historia til folk som har vore så ekstremt viktige og oppofrande for undertrykte menneske. inspirerande til tusen, og litt trist, for eg får jo ikkje sagt takk. og kristopher schau si bok tykkjer eg var så ærleg og fin om livet og dauden.
gitar
novemberljoset. kvar ein månad har sitt ljos. når eg hang opp papirpynt i vindauge vart det så fint når den lave vintersola sneik seg på. eg trur gitarhalsen strakk seg litt ekstra for å få ho med seg, òg.

#speckledyarnissohotrightnow.

puh, det var ein lang tittel.
speckles
sjå på dette garnet. berre sjå! det er fantastisk. og venninna mi claire, som eg er så heldig å kalle venninna mi no, ga det til meg! på eit strikketreff! ho bur i australia og driv sida we-love-knitting.com og fargar garnet sjølv. og fargane er ein krysning av my little pony møter einhjørning møter lukka av å ha fått ein ny sprettball når du var fem år gamal. elskar dei. så claire, om du har lært deg norsk no (for du flytter til noreg no, sant?) – TUSEN TAKK!
speckles
(og denne fargen er min favoritt. pastellorama.)

puste ut(e).

november. få ord her på bloggen, men mange oppi hovudet mitt. no skal fleire av dei verte skrivne her, tenkjer eg.
høsttur
i det siste har det vore godt å koma ut ein tur, sjølv om det av og til er vanskeleg når ein må ta på seg lag på lag med klede og passa på å ikkje vera for kald, ikkje for varm. men eg har bestemt meg for å ønske vinteren velkommen til oslo og til meg. det er jo så mykje finare når ein går inn for å lika ting! så ut skal ein, og verdt det er det absolutt.
høsttur
ved st. hanshaugen hadde nokon hengt opp gjengløymte vantar og luer i eit tre. som kunst, tykte eg. det er fint å ta fram kameraet igjen.
høsttur
også er det fint å samstundes med kjærasten seia “oj!” når ein kjem over eit perfekt blad. så vakker kan naturen vera i dei små tinga. no kokar tevatnet og eg har tatt på meg ein strikkagenser eg har strikka sjølv. to favoritting med vinteren: meir te, meir strikk. og eg vonar at de framleis vil lesa her sjølv om det vert meir av akkurat dei to tinga framover. for det blir det.
høsttur

august.

august 2016
i august fekk eg eit nytt og spanande strikkeoppdrag i ein farge eg aldri trudde eg kom til å like så godt som eg gjer. men fargen er haust, og eg er eit haustborn.
august 2016 ei snill ei på jobben ga meg eit glass heimelage blåbærsyltetøy. akkurat passe søtt og perfekt oppå snøfrisk. august 2016
eg byrja å lesa i denne att. eg kom ikkje så langt sist, men det var mest fordi eg berre har strikka og ikke lese. denne vil eg lesa på kveldstid. leo babauta har ein av yndlingsbloggane mine.
august 2016
og ein dag tok eg og: gjorde ein genser (som aldri kom til å bli ein genser) om til ein supermjuk hals og bytta inn resten av garnet, rakk opp to plagg som ikkje vart bra og festa tråder på ein genser eg strikka i sommar. eg har óg solgt eit par kilo garn og lageret minker endeleg litt.