fem ting ⓶.

fem ting som berre er sommar: lukta av jordbær og vassmelon. flagrande maksiskjørt. raud naglelakk. ljoden av plenklippar. solsprekkane mellom gardina og vindauga på morgonen. kva er sommar for deg?

Advertisements

hurra! hurra! hurra!

eg har hatt den beste 17. mai-en eg kunne hatt. me såg på barnetoget, åt muffins og is, tok masse masse bilete, gjekk og lo, såg hankattane (norges eldste studentforening) ta sitt tradisjonelle 17. mai-bad i andedammen og syngje, og me såg på eit supert folketog med masse rart i! eg har aldri feira 17. mai ordentleg som student, men idag fekk eg sjansen. og så fint det var! eg vart så gira at eg måtte jogga meg ein tur på kvelden for å få ut energi. vonar de har hatt det like fint idag! hipp hipp!

hipp hipp!

sidan det blir ein kort 17.mai på meg i morgon (lesing lesing lesing) har eg ikkje bunaden på plass. istaden har eg kjole (frå new zealand) og eit knallblågrønt smykke. og beyoncé-blå negler, såklart. god 17.mai til alle de fine!

graut og viktige saker.

dagen har vore  hirsegraut (har totalt grautdilla) med jordbær før første eksamen av fem. den gjekk veldig greit, men eg blir så seig i kroppen av all denne lesinga. godt at eg skal opp og sykla klokka åtte imorgon!

forresten, eg tykkjer alle må kika på mariell sitt innlegg important lady action; om ting som har vore viktig og bra på internett for tida! bra bra bra.

fem ting ⓵.

fem ting eg vil bli betre på: å ta med meg kameraet meir. å setje av litt pengar kvar månad til noko fint. å utforska nye plassar eg ikkje har vore på der eg bur. å setje meir pris på alt det eg har av vener og familie, interesser, saker og tid. å finna, planleggja og laga prosjekt som eg bryr meg om. kva vil du bli betre på?